Fønix i dag

Elevar frå Aureskule har matpause med boller og vafler under malekurset.

Elevar frå Aureskule har matpause med boller og vafler under malekurset.

Etter nokre mnd. ved Fønix kan vi konkludere med at valfaget «innsats for andre»
har blitt eit annaleis og veldig kjekt valfag.

At vi har heldt til på Fønixhuset har gitt oss høve til å verkeleg gjere ein innsats for andre.
Vi har heile tida hatt fokus på, og lære mykje om frivillig arbeid. Alle er einige om at her er det godt å vere.

Mange frivillige har stilt opp for oss og endå fleire stiller opp for sambygdingar med behov for hjelp.
Kvar dag skjer det mykje av denne typen arbeid, samt arbeid på Fønixhuset, som er ei stor del av Frivilligsentralen i Sykkylven.

I dag har her vore:

Akvarellkurs for barneskule elevar, der Per velvillig stiller opp og lærer vekk ulike teknikkar.
I kjellaren held dugnaden fram, og no vert det panel på veggane.
Heile dagen har her vore open kafè. Kari byrja tidleg å steike vafler.
Etter kvart fekk ho hjelp av Bente, Britt og Janne. Det var bra for her har vore mykje folk innom.

Kari og Bente serverte boller sponsa av statoil, og vafler laga på huset til klasse frå Aureskulen.

Kari og Bente serverte boller sponsa av statoil, og vafler laga på huset til klassen frå Aureskulen.

Ein pensjonist fekk god hjelp i hagen: plenklipping, raking, kosting og klipping av busker.

Ein pensjonist fekk god hjelp i hagen: plenklipping, raking, kosting og klipping av busker.

Ein velfortent pause med sjokoladekjeks spandert av Coop Mega.

Ein velfortent pause med sjokoladekjeks spandert av Coop Mega.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg har dei servert mat til dugnadsgjengen i kjellaren og oss frå ungdomsskulen.
I dag var det ekstra godt, sidan mange av oss har hatt hageoppdrag på bygda.
Vi har klipt busker, raka plen, plukka rusk, kvister og kosta. Kjekt og nyttig arbeid.
Nokre strikka og hjalp til på kjøkkenet.

Stor takk til flotte ungdomar seiar Anny som fekk ryddehjelp i hagen i dag.

Stor takk til flotte ungdomar seiar Anny som fekk ryddehjelp i hagen i dag.

Tonje og Anna sitter og koser seg med strikkinga.

Tonje og Anna sitter og koser seg med strikkinga.

 

 

 

 

 

 

 

 

Tusen TAKK til alle frivillige rundt oss og til dei som vågar å gjer seg nytte av den hjelpa vi kan tilby.
Vi er tilgjengelege ut mai, så om nokon har ynskje om ei handsrekking, ta kontakt med Frivilligsentralen.
Mobil: 90733379

Seinare i dag er det seniorsurf, der temaet er «skatt»

Helsing
Valfagsgruppa ved ungdomsskulen

Se også: Nok ein god dag på Fønix

Se også: Aureskule var her i dag og fikk ta del av Per kunnskap

 

Bookmark the permalink.

Comments are closed.