FRÅ DATAKLUBB TIL LOKALFOREINING – SENIORNETT SYKKYLVEN

Kurskveld for vidarekomne og fullt hus.

Kurskveld for vidarekomne og fullt hus.

«Dataklubben» vart starta 24. oktober 2012 som ein lokal klubb av Seniornett Norge på initiativ av frivillige ved Sykkylven Frivilligsentral og Seniornett Noreg. Hovud formålet med klubben er å hjelpe seniorar til å bli digitale borgarar. Ved å arrangere kurs i bruk av pc, nettbrett og smarttelefon får seniorar lære å meistre den digitale kvardagen. Over 60 seniorar har deltatt og fått opplæring sidan starten. Klubben sine aktivitetar har vore forankra og drifta av frivillige med administrativ hjelp frå kontaktpersonar ved frivilligsentralen. Oppslutninga om dataklubben er overveldande, og det visar at det er eit klart behov for slike tiltak. Dei fyrste åra var det Eldar Høidal som var primus motor for klubben. Erfaringar frå dei fyrste åra beskriv han i ein artikkel på Seniornett sine nettsider 25. november 2013 http://seniornett.no/Seniornett/Redaksjonsarkiv/Leder/Sykkylven

Kurskveld med meir grunnleggjande dataopplæring.

Kurskveld med meir grunnleggjande dataopplæring.

Mange av utfordringane som Eldar beskriv i sin artikkel er fortsatt tilstade, blant anna er det ynskjeleg med fleire frivillige. Ein frivillig treng ikkje vere dataekspert, det held å kunne bruke pc, nettbrett eller smarttelefon til daglege ting slik som: kople til eit nettverk, sending og mottak e-post, bruke nettlesaren, søke på internett, facebook, sende meldingar osv.

Heilt frå starten av har seniorane blitt oppmoda til å melde seg inn i Seniornett Norge, og i dag er det over 20 medlemar i vår kommune. Som medlem får ein Seniornettmagasinet tilsendt 3 gongar i året, det inneheld nyttige tips og nyheiter. Med auka medlemstal vart det også grunnlag for å formalisere klubben som eigen frittståande eining. Seniornett Norge har føringar for oppretting av lokaleklubbar som vi måtte fylgje, og den 29. januar 2015 vart det halde formelt skipingsmøte på Fønixhuset med godkjenning av eigne vedtekter, handlingsplan og val av eit interimstyre. Som Seniornett Sykkylven sin fyrste styreleiar vart Rolf Slyngstadli vald. Han har erfaringar frå organisasjonsarbeid og leiar no saman med styret og dei frivillige klubben.

Styret og dei frivillige i arbeid

Styret og dei frivillige i arbeid

At klubben no er eigen organisasjon er meir som ein formalitet, men også fordi dei frivillige ville at seniorane skulle ta del og ha ansvar for eiga læring. Med eige årsmøte som vedtek ein handlingsplan og eit styre som arbeider med å gjennomføre han, er seniorane sjølv med å bestemme aktivitetsnivået. Som eigen organisasjon kan vi også søke om økonomiske tilskot og vi er også tilslutta Grasrotandelen.

Handlingsplan 2015
• Vidareføre samarbeidet med frivilligsentralen om å arrangere dataklubben for seniorar ved Fønixhuset.
• Arrangere datakurs for seniorar både til nybegynnarar og vidarekomne.
• Markere Seniorsurf-dagen.
• Arbeide med å betre tilhøve for databruk ved Fønixhuset.
• Samarbeide med Brukarorganisasjonane i Sykkylven om å tilby datahjelp på dagtid.

Kurs og aktivitetane til klubben fylgjer stort sett vinterhalvåret. Vi har reine nybegynnar kurs vår og haust, og kurs-/møtekveldar for vidarekomne frå september til mai/juni. Vi startar gjerne sesongen med å markere Seniorsurf-dagen i september. Denne dagen blir markert over heile landet, og set fokus på utfordringane seniorar har i vårt digitale samfunn.

Vi har også eit samarbeid med dei frivillige ved Fønixhuset og likepersonar ved Brukarorganisasjonane i Sykkylven om å yte datahjelp på dagtid. Dette er også eit tilbod som har vorte godt nytta, og vi håpar å kunne utvide dette tilbodet framover.
Framleis kallar vi oss for ein dataklubb, men vi har nyleg fått direktiv frå sentralt hald at vi no skal heite foreiningar. Dette krev endringar i vedtektene våre, så vi ventar med denne formaliteten til neste årsmøte.

Seniorsurf-dagen 2013

Seniorsurf-dagen 2013


Kontaktpersonar  for dataklubben:
Frivilligsentralen i Sykkylven, Marit Winsrygg, mobil: 907 33 379
Brukarorganisasjonane i Sykkylven, Tone Lillian Wisth, mobil: 988 98 865
Seniornett Sykkylven, Stig Ålgårdstad, mobil: 980 59 056

Bookmark the permalink.

Comments are closed.