HJELP PÅ FØNIX

Har du lyst til å bidra til et meningsfylt arbeid for andre, og for deg selv??

Vi trenger flere hender som er villige til å hjelpe oss med driften av Frivilligsentralen.

Vi mangler folk på tirsdager fra kl 09 -12 og onsdager fra kl 12 – 15.

Er du interessert, eller kjenner du noen som kan være interessert??

Ta gjerne kontakt med oss her på Fønix eller ring 90 73 33 79.

 

Vennlig hilsen

Morten Oksavik

VI HJELPER DEG!

Vi er ei gruppe med elever frå Sykkylven ungdomskule som i valfaget «Innsats for andre» vil hjelpe eldre, heimebuende og personer med fysiske utfordringar i sentrumsområdet.
Vi kan hjelpe til med små og store oppgåver inne og ute.
Vi har base på Fønix onsdager frå 13:45 til 15:00. Om du har noko du treng hjelp til, kontakt Morten Oksavik ved Fønix, på tlf: 90733379.

Helsing valfagsgruppa på 10. trinn.

Innsats for andre

Frivilligsentralen inviterte frivillige i bygda til adventsfest

Odd i fullgang å lage til lapskausen.

Frivilligsentralen inviterte frivillige i bygda til adventsfest. Arrangementet samla rundt 130 menneske til middag og dessertbord.
Denne dagen er det viktig å få takke alle desse fantastiske frivillige som heile året bidreg til eit varmare samfunn på ulike måtar.
Nok ein gong vart middagen, lapskausen, kokt av kokkane våre på Fønix Kjellaug Roald og Odd Lystrup, stor takk både til dei og alle andre som hjalp til for å gjere festen koselig. Vi vil takke for mange og ulike gåver også denne dagen.

Odd og Kjellaug laga nydelig lapskaus til alle frammøtte

Nancy tar seg en velfortjent pause før innrykket av folk.

Kaker og deserter er gitt av firma og privat personer som en takk til de frivillige.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile året får vi bekreftelser på at Frivilligsentralen er ein viktig møteplass i bygda. «Oskarsjåførane» gjer det mulig for fleire å bo lenger heime,og det er viktig å ha ei hand å halde i på veg til lege/ sjukehus.
Dette er mellom dei tilboda Frivilligsentralen kan tilby takka vere engasjerte og rause menneske blant oss som stille på for andre.
Stor takk for all velvilje vi møter i kvardagen, alle bidrag er for oss like viktige.

Middagserveringa starta først med dei faste torsdagsgjestane, etterkvart kom andre inviterte til bords.

Erlend var som vanlig den som representerte Frivilligsentralen, og takka alle for året som snart har gått.

Margrethe og Morten sto for underholdning og sang.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ordføraren i god prat med nokre av gjestane

Ordføraren takker dei frivillige for jobben.

Petra, Erlend og Anne Jorunn nyt desserten og fellesskapet.