Gjengen som står for heimesida

Hjemmeside teamet

Frå venstre: Stig, Audun, Helga og Petter framme

Dagleg leiar Marit, ved Frivilligsentralen vil gjerne presentere mannskapet bak heimesida vår. Dei legg ned eit formidabelt arbeid for å få ut informasjon, og formidle små og store hendingar i Frivilligsentralen og Fønix sin kvardag. Vi får mange, gode tilbakemeldinga på det som vert lagt ut, og Marit er klar på at dette er takka vere eit frivillig engasjement og dyktige menneske bak. Ho seiar at utan Audun, Stig, Petter Andrè og Helga hadde vi nok enda studert på korleis heimesida vår skulle sjå ut!

Teamet tek hand om heile prosessen med heimesida og facebook, det vil seie forarbeidet, redigering og vedlikehald/oppdateringa. Alle fire er i tillegg frivillige med ulike oppgåve, nokre  også som rettleiarar i dataopplæring for seniorar. Det er eit prosjekt vi har hatt stor suksess med i over tre år no.

Stor takk til desse flotte frivillige vi er heldige å ha her.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.