Godheitsveka

Godheitsveka
Sykkylven

– ei veke med særleg fokus på å glede andre
– ei veke i året der vi står saman om å spreie godheit

8. – 14.april

Godheitsveka

https://www.facebook.com/godheitsvekasykkylven/

#godheitsvekasykkylven

____________________________

I veke 15 blir det sett søkelys på dette, samtidig som ei slik veke vil stimulere til at det vert
skapt meir godheit i Sykkylven. Det å gjere godt mot andre er så viktig at vi i Sykkylven set
av ei heil veke til å fokusere på dei positive ringverknadane av godheit.

Vi vonar at dette er noko som media finn interessant, og dersom de ønskjer meir informasjon
så ta gjerne konktakt med ein av oss som sit i arbeidsgruppa. Dette er Steinar 95 97 27 27,
Arild 99 62 91 30, Per Arne 92 65 45 25, Lars Petter 48 07 17 47, Aina 92 69 60 63,
Sølvi 99 64 71 84 eller Morten 90 73 33 79.

Ferie for alle i Møre og Romsdal

Ferie for alle i Møre og Romsdal

Ferie for alle er et gratis ferietilbud til barnefamilier med svak økonomi.

Møre og Romsdal Røde Kors arrangerer ferietur for barnefamilier som har dårlig økonomi og en vanskelig livssituasjon.
Målet med turen er at familiene skal få en ferieopplevelse sammen.
Tilby et pusterom fra hverdagen og skape et nettverk med andre familier i samme situasjon.

Målgruppen er familier med barn i barneskolen, mellom 6 og 13 år. Det er nok at 1 av barna er i målgruppen.

Godheitsveka Sykkylven 2019

Godheitsveka Sykkylven 2019

Alle private og kommunale lag og organisasjonar er med dette invitert til å stille
med representant(ar) på eit ope planleggingsmøte den 7. januar kl. 18:00 på Fønix.
Det vert enkel servering.

Heile bygda blir med dette oppmoda til å være med på å gjenta suksessen med å arrangere ei litt annleis veke i Sykkylven. Ei godheitsveke der vi på tvers av religion og livssyn, krins, lag og organisasjonar sett eit ekstra fokus på å glede andre og spreie godheit. Både barn, unge og vaksne fikk under Godheitsveka 2018 erfare korleis det å vise godheit både gjer godt for den som får og den som gir. Og summen av alle godheitsbidraga gjorde ein markant forskjell for oss i Sykkylven og det gav ringverknadar langt utover kommunegrensa. Nydeleg var det, eksempelvis, korleis mange av barneskulebarna løyste sine godheitsbingoar ved å besøke sin gamle nabo, skrive gode helsingar, seie gode ord til kvarandre m.m.

Denne aksjonen har sitt opphav i eit oppstartsmøte den 7. mars 2018 der representantar frå ei rekke lag og organisasjonar møtte for å samarbeide om å gjennomføre ei godheitsveke i Sykkylven kommune. Med bakgrunn i dette vart det etablert ei styringsgruppe på 5 personar beståande av Per Arne Sylte frå Sykkylven Jeger- og fiskeforening, Arnhild Almås frå Sykkylven Bedehus-forsamling, Steinar Klokk frå Sykkylven speidargruppe og Vikedalen barnehage, Arild Sporsheim frå Den norske kyrkja og Morten Oksavik frå Frivilligsentralen.

Styringsgruppa vart vald for eit år og vi tek no ansvar for å kalle inn til eit ope møte der vi mellomanna skal velje styringsgruppa for Godheitsveka 2019 i Sykkylven.

Helsing sittande styringsgruppe for Godheitsveka i Sykkylven
Morten Oksavik, Arnhild Almås, Per Arne Sylte, Steinar Klokk og Arild Sporsheim.