Da er den nye Oskarbilen kommet.

Dei 11 Oskarbilsjåførane: Kjell Jarle Gjerde, Per Vemøy, Odd Arne Risvik, Odd Lystrup, Arnvid Lindvik, Jan Nødseth, Arnvid Bjørke, Jostein Gjævenes, Åge Hansen, Svein Løken og Rolf Bakke.

I går kunne dei 11 oskarbil-sjåførane, dagleg leiar ved Frivillingsentralen Morten Oksavik, ordførar Odd Jostein Drotninghaug og rådmann May-Helen Molvær Grimstad ta den splitter nye Oskarbilen i augesyn for første gong. Bilen, ein Volkswagen Crafter, er både meir brukarvennleg og bedre tilpassa enn bilen som har vore brukt fram til no.

På Fønixhuset var det servering av mat og kaker.

Frivilligsentralen i Sykkylven har i mange år hatt eit ønskje om å bytte ut den 10 år gamle Oskarbilen som har blitt brukt til å frakte brukarane rundt omkring i bygda. Takka vere sponsormidlar, lotteri som Seniornett Sykkylven var ansvarlig for og gåvar, samt innbytte av den gamle bilen, kunne eit splitter ny Volkswagen Crafter rulle inn på parkeringsplassen utanfor rådhuset i går føremiddag.

Seniornett Sykkylven er glad for å kunne hjelpe til å skaffe til veies 113 402,94- kroner. Og sier de ikke kunne gjort det uten hjelpen av brukarorganisasjonene i Sykkylven og oskar sjåførane som hjalp til å selge lodda. Seniornett vil også takke alle folka i bygda som tok lodda.

Hilde Aurdal, styremedlem Kåre Atle Vangen og Ole Reidar Lade i Sykkylven Gjensidig Trygdelag har bidratt med 200.000 kroner i midlar til den nye Oskarbilen.

Dette er ein ny og moderne bil samanlikna med den vi har hatt fram til no. Bilen er registrert som personbil, god høgde innvendig, den har ni seter, plass til rullestol og har rampe. I det store og det heile ein meir brukarvennleg og meir tilpassa bil til vårt bruk. Det er framleis eit par ting som må på plass før vi kan kome oss ut på vegen, mellom anna skal Aro Skilt og Reklame ha på logoar og dekor og den skal tectylerast. Men det er ikkje snakk om mange dagane før sjåførane og brukarane våre kan få glede av den, seier Morten Oksavik.

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug, dagleg leiar ved Frivilligsentralen Morten Oksavik og rådmann May-Helen Molvør Grimstad

På Fønixhuset var det servering av mat og kaker.

Oskarbil-sjåførene tar bilen i Øyesyn.

Oskarbil-sjåførene inspiserer den nye rullestolrampen.

 

 

 

 

 

 

Den nye Oskarbilen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les meir: Ny oskarbil lotteri.

Les meir: Lykkelig vinner av hovedgevinsten.

 

Godheitveka

– ei veke med særleg fokus på å glede andre
– ei veke i året der vi står saman om å spreie godheit

23. – 29.april

 

https://www.facebook.com/godheitsvekasykkylven/

Mange i Sykkylven bidrar til at det skjer mykje positivt i bygda gjennom eit år.
På ulikt vis blir det gjort gode ting for andre.
Det være seg å gi eit smil og seie gode ord, stille på dugnad for skulen sin,
besøke nokon som er einsame eller sjuke og mykje, mykje meir.

 

I veke 17 blir det sett søkelys på dette samtidig som ei slik veke vil stimulere til at
det vert skapt meir godheit i Sykkylven.
Det å gjere godt mot andre er så
viktig at vi i Sykkylven set av ei heil veke til å fokusere på dei positive
ringverknadane av godheit.

Det å vise godheit gjer godt både for den som får og for den som gir.
«Godheit er magisk» var det ein som sa, og det er smittsamt.

 

 

 

 

Kva kan eg gjere?

Det er berre fantasien som set grenser for kva godt ein kan gjere mot andre.
Mens du har lest dette flygebladet har du kanskje allereie kome på fleire idear på ting du kan gjere for å glede andre.
Kanskje tenker du på å gjere noko godt for arbeidskollegaene dine, for naboane, for nokon på BUAS.
Eller kanskje for læraren din, for nokon som står i ferjekø,
eller som står parkert ved ein av daglegvarebutikkane rundt om i kommunen.
Moglegheitane er mange og det er ikkje alltid den som mottar godheit treng å vite kven det er i frå.
Tenk å bli overraska med ei godheits-gåve utan å vite kor den kjem frå? Det er kjekt det!

Håpet er at summen av alle bidraga skal utgjere ein forskjell for oss i Sykkylven
og at dette kan gi ringverknadar langt utover kommunegrensa.
Kva anna kommune kan vise til ei slik godheitsveke i Norge?

 

Lykke til!

 

 

Bakgrunnen for denne aksjonen

Med bakgrunn i ei initiativgruppe med utspring i kyrkja vart det breitt invitert til eit oppstartsmøte
for å samarbeide om å gjennomføre ei godheitsveke i Sykkylven kommune.
Ei veke der vi på tvers av religion, krins, lag og organisasjonar sett fokus på å glede andre og spreie godheit.

I mars vart det etablert ei
styringsgruppe på 5 personar
beståande av Arnhild Almås frå Sykkylven Bedehusforsamling,
Per Arne Sylte frå Sykkylven Jeger- og fiskeforening,
Steinar Klokk frå Sykkylven speidargruppe og Vikedalen barnehage, Morten Oksavik frå Frivilligsentralen
og Arild Sporsheim frå Den norske kyrkja i Sykkylven.

Har du spørsmål eller innspel så ta gjerne kontakt med ein av oss.
Steinar 959 72 727
Arild 996 29 130
Arnhild 924 98 470
Per Arne 926 54 525
Morten 907 33 379

 

Husk å ta bilder / dokumentere