Mykje har skjedd i kjellaren etter jul

Det er ikkje farleg når vi bur i ei bygd med alle type handverkarar som stiller frivillig på dugnadsarbeid. Stor takk til Henning for alt han har ordna med for å få eit murgolv til å verte eit glansfullt dansegolv om du vil.. Resultatet vart kjempebra.

Etter jul har det skjedd mykje i kjellaren, vi er snart klare for opning – og gler oss veldig! Likevel ei lita oppdatering , sånn på tampen. . .

Vi ser no fram til å opne kjellardøra, eit formidabelt dugnadsarbeid er lagt ned så langt, og vore ein aktivitet i seg sjølv. Allereie før påske kjem vi til å flytte ned ein del av dei aktivitetane som til no har halde til oppe( skular, barnehagar m.m) . Den offisielle opninga kjem vi litt tilbake til – vi har også eit jubileum i mai!

Vi ber bygdafolket tenkje om det er aktivitetar dei ynskjer å starte opp med, og som kjellaren egnar seg til. Det er berre å ta kontakt.

Far og son med siste hand på listverket. No er det å klargjere golvet for priming. Torgeir er den stødige, uunvælige prosjektleiar og Tor Lennart har vore ei stødig hjelp nokre dagar no.

Audhild er spent på utviklinga og er på ein enkel inspeksjon, som Emil tydelegvis får god tilbakemelding på.

Leif vil også ha eit betre og finare golv i «sin» etasje. Eit lite nivå ned frå nye kjellaren finn vi nemleg den gamle snikkarboda som vi har nytta heile tida. Her skjer forarbeide til produkta av tre som barnehageborna sluttførar og får med heim. Leif førebur no til maling her.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.