Godheitsveka Sykkylven 2019

Godheitsveka Sykkylven 2019

Alle private og kommunale lag og organisasjonar er med dette invitert til å stille
med representant(ar) på eit ope planleggingsmøte den 7. januar kl. 18:00 på Fønix.
Det vert enkel servering.

Heile bygda blir med dette oppmoda til å være med på å gjenta suksessen med å arrangere ei litt annleis veke i Sykkylven. Ei godheitsveke der vi på tvers av religion og livssyn, krins, lag og organisasjonar sett eit ekstra fokus på å glede andre og spreie godheit. Både barn, unge og vaksne fikk under Godheitsveka 2018 erfare korleis det å vise godheit både gjer godt for den som får og den som gir. Og summen av alle godheitsbidraga gjorde ein markant forskjell for oss i Sykkylven og det gav ringverknadar langt utover kommunegrensa. Nydeleg var det, eksempelvis, korleis mange av barneskulebarna løyste sine godheitsbingoar ved å besøke sin gamle nabo, skrive gode helsingar, seie gode ord til kvarandre m.m.

Denne aksjonen har sitt opphav i eit oppstartsmøte den 7. mars 2018 der representantar frå ei rekke lag og organisasjonar møtte for å samarbeide om å gjennomføre ei godheitsveke i Sykkylven kommune. Med bakgrunn i dette vart det etablert ei styringsgruppe på 5 personar beståande av Per Arne Sylte frå Sykkylven Jeger- og fiskeforening, Arnhild Almås frå Sykkylven Bedehus-forsamling, Steinar Klokk frå Sykkylven speidargruppe og Vikedalen barnehage, Arild Sporsheim frå Den norske kyrkja og Morten Oksavik frå Frivilligsentralen.

Styringsgruppa vart vald for eit år og vi tek no ansvar for å kalle inn til eit ope møte der vi mellomanna skal velje styringsgruppa for Godheitsveka 2019 i Sykkylven.

Helsing sittande styringsgruppe for Godheitsveka i Sykkylven
Morten Oksavik, Arnhild Almås, Per Arne Sylte, Steinar Klokk og Arild Sporsheim.

God Jul og godt nytt år.

Vi på Fønixhuset og Frivilligsentralen ønsker alle ei god jul og eit godt nyttår!

God jul

Og ei stort takk til alle frivillige
og samarbeidspartnere som har stilt opp
i året som har gått.

Fønix tar Juleferie frå og med torsdag 20.12 og
åpner for de påmeldte til Julaften frå kl 15:00.

Vi opner døra igjen Onsdag 2 Januar 2019


Hilsen Morten