Utstyrssentralen

SykkelturUtstyrssentralen inneheld det meste for å vere aktiv heile året.

Utstyret kan lånast på Sykkylven Frivilligsentral.

Målet vårt er at fleire skal kunne vere aktive ute, og delta på det dei måtte ønske.

Kanskje har skisko til minstemann plutseleg blitt for små og det er skidag i morgon?
Kanskje du har lyst å teste ut om alpint er noko for deg?
Eller kva med å ta seg ein fisketur eller telttur, eller begge deler?

Alle kan låne utstyr for to veker (ei veke for noko av utstyret) i gongen, lån er gratis.

Utstyrssentralen er open tysdagar og torsdagar kl. 15.00 – 18.00

Utstyrssentralen held til i Rådhuset (gamle brannstasjonen). Personleg oppmøte for lån og innlevering av utstyr.

Sentralen er i haust bemanna av frivillige frå Mental Helse Sykkylven, dersom porten ikkje er open er vi på brukarkotoret i Bedehuskjellaren.

Du kan låne syklar, elsykkel, sykkelvogn, fiskestenger, redningsvester, sekker, bæremeis, telt, liggeunderlag, tursko, jakker m.m. gratis.

Smittevern og korona

Alt utstyr vert sett i karantene i 48 timar mellom kvart utlån. I tillegg vert utstyret desinfisert.

Sykler. Foto: Synnøve Hunnes

Liggeunderlag og telt. Foto: Synnøve Hunnes

Redningsvestar. Foto: Synnøve Hunnes

El-syklar. Foto: Synnøve Hunnes

Kano

Vi har kano for utleige på Fetvatnet. Foto: Audun Gautvik

Tursko

Tursko. Foto: Stig Ålgårdstad

Tursko. Foto: Stig Ålgårdstad

Tursko. Foto: Stig Ålgårdstad

Shell jakke Bergans Gjende. Vi har dame og herre modell. Foto: Stig Ålgårdstad

Meir informasjon og detaljar om utstyr kjem etterkvart.

Comments are closed.