Om Fønixhuset
Fønixhuset er eit hus der alle menneske kan treffast og vere saman om ulike aktiviteter, uavhengig av alder eller nasjonalitet.
-
Nyaste innlegg
- Opningstider4. april 2024
- Julaftan på Fønix7. desember 2023
- Markering av Frivilligheita sin dag5. desember 2023
- Ferie sommaren 202329. juni 2023
- Endeleg opnar vi igjen20. oktober 2021
- Opningstider
Aktivitetshuset
Fønixhuset håper å kunne tilby aktiviteter på tvers av alle interesser og aldersgrupper, som er åpne for alle. Du treng ikkje medlemskap i nokon organisasjon for å delta i aktivitetane. Med i alle aktivitetane håper vi å ha deltakelse fra både fagfolk med kompetanse og andre nybegynnarar med ønske om å lære seg noko nytt. Med Fønixhuset håper vi på eit mylder av liv og røre frå tidleg føremiddag til langt utpå kvelden.
Kontakt oss
Kontakt Frivilligsentralen idag Telefonnummer: 90733379
Forfatter: Stig Ålgårdstad
Språkkafe på Fønix
Ein stad vel verd å vitja i kveldskulda
Medan det er langope butikkar, julehandel og fult liv og røre i sentrum, har Skapande Hender julemesse på Fønixhuset. Det er ikkje fyrste gongen, dei har hatt det tidlegare år også, i forbindelse med helga då juletida vert formelt innvia i bygda vår.
Driftige er dei desse handverkarane som driv med husflid. Mykje godt handverk og mange timars arbeid har vorte nedlagt i dei mange produkta.
Teknikkane som vert brukt er mange. Kvilting (lappetekkning), skinnfell, strikking, hekling m.m. Mange sting, maskar og klipp i forskjellige materiale må til for å få til desse vakre produkta. Skapande Hender ber namnet sitt med rette.
Midt under førebuinga av opning av julemessa vart det oppdaga at vatnet ikkje var så bra i Kyrkjevegen i dag. Men frykt ikkje for at kaffi’n eller te’n er laga av dårleg vatn på huset. Reint vatn vart henta frå andre stadar i bygda.
Så Fønixhuset er ein fin plass å sjå etter julegåver eller for å ta ei liten pause. Julemessa er open så lenge der er besøkande fram mot midnatt i dag Fredag, og open i morgon Laurdag frå klokka 10 og utover.
Kanskje du treng å varma deg litt i kveldskulda, ta deg ein tur innom då vel.