Tradisjonell norsk julaftan på Fønix

 

God Jul

I god tradisjon vert det også i år feira julekveld på Fønixhuset. I staden for å vere åleine julekvelden kan alle som ynskjer å dele høgtidsstunda med andre melde seg på. Vi held ope julekvelden frå kl. 15.00, og serverar julemiddag frå kl. 17.00 (etter kyrkja).

 

Påmelding til Marit innan 10. desember på tlf. 907 33 379 eller stikk innom!

Utstilling: Spelefilm i haudet

Hjartesorg

Med Kaffi i staden for Champagne inviterer Inger-Anne Midtgård til sin andre utstilling på Fønixhuset i Sykkylven. Inger-Anne har ikkje låst seg til til ein bestemt sjanger eller stil, men har gitt seg sjølv frie tøylar. Dette kan ein sjå igjen i kor variert utstillinga er, her finn ein alt frå melankolske vikinghøvdingar til kystlandskap.

Vil med dette ynskje alle velkomne.

Opningstider:

Fredag 8. desember kl. 19:00-21:00
Laurdag 9. desember kl. 12:00-15:00
Søndag 10. desember kl. 12:00-15:00

Kveldsete på Fønix

Sykkylven Historielag inviterer til kveldsete på Fønixhuset Torsdag 26. oktober kl. 18:30. Svein Aure snakke om industrigrundaren og samfunnsbyggjaren Ole T. Lied, ein fargerik person som kom til bygda i 1911. Det vert fokus på Confectionsfabrikken Fønix, og innsatsen Lied gjorde for Fjellsætra og samferdselen til bygda.

 

Arbeidsreglement for konfeksjonsfabrikken Fønix.