Støttegruppe for vaksne med overvekt

Kvar mandag kl. 18.00 møtast ei gruppe menneske med overvekt, til samtale og støtte på Fønixhuset. Målet er eit felles ønske om vektreduksjon.

Den 13. april fekk vi besøk av klinisk ernæringsfysiolog Kirsti Kverndokk Bjerkan som er tilsett ved Ålesund sjukehus. Temaet for kvelden var sunn kost i kvardagen; «Små grep, stor forskjell».

Mandag 20. april og fem mandager videre er vi heldige å få besøk av Gry Bakke frå Sykkylven, til å halde kurset «Bra mat», eit konsept utarbeidd av helsedirektoratet. Gry har solid utdanning, og god erfaring frå arbeid med overvektige.

Gry Bakke er utdanna Klinisk Ernæringsfysiolog, har bachelor i Fysisk Aktivitet og Helse frå Norges Idrettshøgskule. Gry har erfaring frå arbeid med overvektige, og har holdt fleire "Bra Mat" kostholdskurs.

Gry Bakke er utdanna Klinisk Ernæringsfysiolog, har bachelor i Fysisk Aktivitet og Helse frå Norges Idrettshøgskule. Gry har erfaring frå arbeid med overvektige, og har holdt fleire «Bra Mat» kostholdskurs.

Dette er eit felles prosjekt mellom folkehelsekoordinator i Sykkylven, og Frivilligsentralen. Påmeldinga for denne gang er over, men eit nytt tilbud kan kome seinare, dersom det viser seg at det er behov for dette.