kurs i søm med saueskinn

Sykkylven skapande hender arrangerte 16 – 18 februar kurs i søm av småting i saueskinn.

Småting er votter, pulsvarmere, tøfler, luer, skjerf, isskrape-vott og figurer som mus og nisser.
Vi var 4 deltakere denne gangen og lærer, som hadde ei trivelig og lærerik helg

Det ble sydd votter, tøfler og babytøfler.

Sykkylven skapande hender er godt fornøyde med de nye lyse lokaler i kjelleren,
med godt arbeidslys og gode arbeidsbord.
Rommet som barnehagene bruker til å snekre i brukte vi til utstilling av modeller,
og til å legge ut lesestoff om skinnsøm og utstyr

Biljardrommet/kjøkkenet ble brukt til matpausene til å se på skinn/ullkvaliteter,
og til å tegne på og klippe ut av skinn.

Undervisnings rommet ble brukte til undervisning og arbeidsbord og vi syntes at det var veldig kjekt med vann og vask i rommet.
Så vi fikk vasket trykkblokkene med det samme (dei blir ødelagt om restmalinga får tørke på blokka)

Vi hadde ei kjekk, trivelig og lærerikt kurs helg.

Sonja Hustad i Sykkylven skapande hender.

Vi trenger restegarn av babyull

Vi trenger Restegarn av babyull

Hei kjære «strikkemennesker», i dag får du muligheten til å bruke restegarnet ditt til et fornuftig formål. Jeg er en elev fra Sykkylven ungdomsskole, med valgfaget «innsats for andre». I dag vil jeg gjøre en innsats for prematurbarn på Ålesund sykehus.

Kari Solås er primus motor her hos oss på fønixhuset. Hun strikker babytepper til de små nyfødte ungene på sykehuset, men hun trenger din hjelp.

Er det noen som har og vil gi restegarn av babyull hadde vi blitt veldig glade!

Om du vil gi garn så kan du levere det på Fønixhuset.

Ein stad vel verd å vitja i kveldskulda

Medan det er langope butikkar, julehandel og fult liv og røre i sentrum, har Skapande Hender julemesse på Fønixhuset. Det er ikkje fyrste gongen, dei har hatt det tidlegare år også, i forbindelse med helga då juletida vert formelt innvia i bygda vår.

Driftige er dei desse handverkarane som driv med husflid. Mykje godt handverk og mange timars arbeid har vorte nedlagt i dei mange produkta.

Treng du orden på strikkepinnane dine? Sonja Ø. Hustad lagar produkt i skinn (saueskinn), såkalla skinnfell. Bla. lagar ho mapper til strikkepinnar.

Evelyn Fredriksen lager løparar, dukar og vesker ved bruk av lappeteknikk.


Tove S. Johnsen lagar produkt ved hjelp av kvilting (lappeteknikk), nydelege vesker (toalettmapper og sminkepunger.)

Vakre fargar i produkta til Evelyn Fredriksen.

Teknikkane som vert brukt er mange. Kvilting (lappetekkning), skinnfell, strikking, hekling m.m. Mange sting, maskar og klipp i forskjellige materiale må til for å få til desse vakre produkta. Skapande Hender ber namnet sitt med rette.

Julemotiv. Teppe av Tove S. Johnsen.

 

Nisser, julegraut og mus. Teppe av Tove S. Johnsen.

 

 

 

 

 

May Borvik strikkar bla. babyklede, raggsokkar og vottar.

Lise Marie Sætre strikkar og heklar vottar, raggar, julepynt m.m. verd å nemne er at ho også lagar bunadsstrømper.

Julepynt av Lise Marie Sætre.

Kvilting eller lappetekknikk, er veldig populert. Her nokre produkt laga av Else Albertsen.

Gunnhild Øigarden har produkt som er strikka.

Leikny Støbakk spinn og fargar sitt eige garn som ho så strikkar fine produkt av.

Midt under førebuinga av opning av julemessa vart det oppdaga at vatnet ikkje var så bra i Kyrkjevegen i dag. Men frykt ikkje for at kaffi’n eller te’n er laga av dårleg vatn på huset. Reint vatn vart henta frå andre stadar i bygda.

Karin Dale Berge og Anne Vikebakk styra i kjøkkenkroken. Dei kan freiste med kaker og kaffi.

Så Fønixhuset er ein fin plass å sjå etter julegåver eller for å ta ei liten pause. Julemessa er open så lenge der er besøkande fram mot midnatt i dag Fredag, og open i morgon Laurdag frå klokka 10 og utover.

Kanskje du treng å varma deg litt i kveldskulda, ta deg ein tur innom då vel.