Om Fønixhuset

Velkommen til Fønixhuset, all-aktivitetshuset i Sykkylven kommune.

Fønixhuset. Foto: John Verkland

Fønixhuset. Foto: John Verkland

Fønixhuset er eit hus der alle menneske kan treffast og vere saman om ulike aktiviteter, uavhengig av alder, kjønn eller nasjonalitet.

Aktivitetane er basert på frivillig innsats frå både enkeltmenneske og lag og organisasjoner. Fønixhuset ønsker samspel med offentleg sektor for å gi rom for menneske som treng det, av ulike årsaker.

Fønixhuset håper å kunne tilby aktiviteter på tvers av alle interesser og aldersgrupper, som er åpne for alle. Du treng ikkje medlemskap i nokon organisasjon for å delta i aktivitetane. Med i alle aktivitetane håper vi å ha deltakelse fra både fagfolk med kompetanse og andre nybegynnarar med ønske om å lære seg noko nytt. Med Fønixhuset håper vi på eit mylder av liv og røre frå tidleg føremiddag til langt utpå kvelden.

Frivilligsentralen tlf. 90733379