Oskarbilen

Tilbudet «Oskarbilen» starta på midten av 90-tallet med hjelp av midler fra ein mann fra Velledalen i Sykkylven, som heitte Oskar. Han såg at eldre heimebuande hadde eit behov for transport, for å kunne nytte dagtilbud i kommuna. Dette ville han gjere noko med, og dermed vart Oskarbilen til.

Dette er vår andre Oskarbil, og viser eit utvalg av våre flotte sjåfører på denne bilen. Bildet er tatt ca. 2005-2006.

Dette er vår andre Oskarbil, og viser eit utvalg av våre flotte sjåfører på denne bilen. Bildet er tatt ca. 2005-2006.

Frivilligsentralen har til ei kvar tid 12-14 dyktige og stabile sjåførar, som brukarar av bilen ikkje kan fullrose nok. Sjåførane våre er så mykje meir enn sjåfører. «Dei hjelper gjerne til, så vi kjem oss trygt ut av dørene, både heim og tilbake», er nokre av tilbakemeldingane vi får. Vi køyrer til og frå heimar og dagsenter, og dei frivillige sjåførane har kvar sine turer gjennom veka.

Dette er vår nyaste Oskarbil og sjåfør Per Vemøy. Logoen på bilen er utarbeidd, og gitt i gåve av Colleen Støylen.

Dette er vår nyaste Oskarbil og sjåfør Per Vemøy. Logoen på bilen er utarbeidd, og gitt i gåve av Colleen Støylen.

Dette er eit tilbod Frivilligsentralen har hatt i fleire år, og mange pensjonistar har, og har hatt, god nytte av køyringa. I tillegg til den daglege drifta, blir bilen brukt til ulike arrangement og utflukter for eldre i bygda. Idag har vi vår tredje bil, også denne er finansiert ved hjelp av gåvemidlar.

Vår tredje og nyaste Oskarbil. Dåverande ordførar Jan Kåre Aurdal, samman med dagleg leiar og sjåførane i 2008. Mange av desse sjåførane er fortsatt knytt til tenesta. Selgaren frå firmaet Bj. Rødseth i Molde, var til stades under overrekkinga av bilen.

Ved markeringa av overrekkelsen av vår siste bil, møtte der ein takksam pårørande med nye allversjakker til alle sjåførane. Jakkene har emblem med Oskarbilen og namneskilt. Han uttrykte stor takk for dei åra faren hans vart henta og bringa.

Comments are closed.