Fønixhuset, frå visjon til virkeligheit

Ideen om eit aktivitets hus i Sykkylven kom frå personar knytt til Frivilligsentralen i bygda.

Ordføraren klipper snora under åpniga av Fønixhuset. Foto: Sykkylvsbladet

Ordføraren klipper snora under åpniga av Fønixhuset. Foto: Sykkylvsbladet

Mange, med ulik kunnskap, kunne tenkje seg å bidra med aktivitetar som vi ikkje tradisjonelt har tilbydt ved

Frivilligsentralen før. Slik sett kan vi seie at Fønixhuset vart oppretta av, og skal etter planen vidare drivast av frivillige.

Namnet Fønix gav seg sjølv, vi er nemlig i gamle, ærverdige lokale der det tidlegare vart drive konfeksjon og der fabrikken heitte Fønix. Fønix namnet gir som kjent også andre assosiasjonar ( fugl fønix) som vi meinte passa for det innhaldet vi ynskjer for vårt Fønix. Fønixhuset skal vere ein uformell møtestad der den gode samtalen er like viktig som samhandling og formidling av kreative aktivitetar.

Etter ein omfattande restaureringsfase, med mange dugnadstimar, fekk vi opna 5. mai 2007. Som første skritt med å fylle huset inviterte vi både nokre lag og organisasjonar samt andre frivillige til å nytte Fønixhuset til sine aktivitetar. Ynskja våre vidare er eit mylder av ulike kreative tilbod så det er berre å kome med forslag, eller å melde frå om nye ting som huset kan romme.

Styringsgruppa for prosjekt Fønix som vart oppretta i 2005 utarbeidde dei retningslinene som no ligg til grunn med tanke på innhaldet. Med anna inneber det at alle aktivitetar på Fønixhuset er opne for alle, du treng ikkje å vere medlem i ein organisasjon for å vere med på deira tilbod.

Velkommen innom!

Comments are closed.