Om Fønixhuset
Fønixhuset er eit hus der alle menneske kan treffast og vere saman om ulike aktiviteter, uavhengig av alder eller nasjonalitet.
-
Nyaste innlegg
Utstyrssentralen har flytta til nye lokaler
25. juli 202417. MAI KAFÉ
16. mai 2024Opningstider
4. april 2024Julaftan på Fønix
7. desember 2023Markering av Frivilligheita sin dag
5. desember 2023
Aktivitetshuset
Fønixhuset håper å kunne tilby aktiviteter på tvers av alle interesser og aldersgrupper, som er åpne for alle. Du treng ikkje medlemskap i nokon organisasjon for å delta i aktivitetane. Med i alle aktivitetane håper vi å ha deltakelse fra både fagfolk med kompetanse og andre nybegynnarar med ønske om å lære seg noko nytt. Med Fønixhuset håper vi på eit mylder av liv og røre frå tidleg føremiddag til langt utpå kvelden.
Kontakt oss
Kontakt Frivilligsentralen idag Telefonnummer: 90733379
Forfatter: Audun Gautvik
No er vi ferdige med taket, og starta med veggane.
Stor TAKK til dei trufaste, frivillige vi har i kjellaren. No ser vi forskjell frå dag til dag, det er heilt fantastisk kor fort det gjeng. Vi begynne å tru at vi kan få ferdigstilt i 2016. Vi ønsker at fleire i bygda skal engasjere seg med tanke på innhald, og tek gjerne i mot forslag på aktivitetar framover.

Torgeir har målkappa panelen så karane syns det er greit å ta igjen.
«Vi følger planen til punkt og prike»
Fønix i dag
Etter nokre mnd. ved Fønix kan vi konkludere med at valfaget «innsats for andre»
har blitt eit annaleis og veldig kjekt valfag.
At vi har heldt til på Fønixhuset har gitt oss høve til å verkeleg gjere ein innsats for andre.
Vi har heile tida hatt fokus på, og lære mykje om frivillig arbeid. Alle er einige om at her er det godt å vere.
Mange frivillige har stilt opp for oss og endå fleire stiller opp for sambygdingar med behov for hjelp.
Kvar dag skjer det mykje av denne typen arbeid, samt arbeid på Fønixhuset, som er ei stor del av Frivilligsentralen i Sykkylven.