Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Digital Kafé

30. oktober 2019 @ 18:00 - 21:00

«Digital kafé» for å motverke sosial einsamheit.
Seniornett Sykkylven har sidan 2012 arrangert datakurs i samarbeid med Frivilligsentralen der mange eldre har deltatt. Men vi får ikkje med oss alle som har behov for å lære å bruke digital teknologi. Enkelte gruar seg for å delta eller har utfordringar med å delta i eit reint undervisningsopplegg. Tilbakemeldingar vi har fått er at dei gjerne kunne tenke seg noko meir uformelt, men samtidig ha moglegheita til å få hjelp og lære å meistre den digitale verda. Vi startar difor med ein sosialkveld «Digital kafé» ein gong i månaden på Fønixhuset, der vi tilbyr hjelp og rettleiing innan den digitale verda. Seniornett er ein seniororganisasjon, men vi har ingen aldersgrense for å delta på «Digital kafé», så ynger er også velkomne. Vi treng også fleire gode hjelparar (frivillige), så er du interessert i digital teknologi er du velkomen. Målet er å etablere eit sosialt nettverk og ein møteplass kor eldre og yngre med same interesse kan møtast.

Detaljer

Dato:
30. oktober 2019
Tid
18:00 - 21:00
Kategori for Arrangement:

Arrangører

Seniornett Sykkylven
Fønixhuset

Sted

Fønixhuset
Kyrkjevegen 59
sykkylven, Møre og Romsdal 6230 Norge
+ Google-kart
Vis Sted nettside