Frivilligsentralen inviterte frivillige i bygda til adventsfest

Odd i fullgang å lage til lapskausen.

Frivilligsentralen inviterte frivillige i bygda til adventsfest. Arrangementet samla rundt 130 menneske til middag og dessertbord.
Denne dagen er det viktig å få takke alle desse fantastiske frivillige som heile året bidreg til eit varmare samfunn på ulike måtar.
Nok ein gong vart middagen, lapskausen, kokt av kokkane våre på Fønix Kjellaug Roald og Odd Lystrup, stor takk både til dei og alle andre som hjalp til for å gjere festen koselig. Vi vil takke for mange og ulike gåver også denne dagen.

Odd og Kjellaug laga nydelig lapskaus til alle frammøtte

Nancy tar seg en velfortjent pause før innrykket av folk.

Kaker og deserter er gitt av firma og privat personer som en takk til de frivillige.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile året får vi bekreftelser på at Frivilligsentralen er ein viktig møteplass i bygda. «Oskarsjåførane» gjer det mulig for fleire å bo lenger heime,og det er viktig å ha ei hand å halde i på veg til lege/ sjukehus.
Dette er mellom dei tilboda Frivilligsentralen kan tilby takka vere engasjerte og rause menneske blant oss som stille på for andre.
Stor takk for all velvilje vi møter i kvardagen, alle bidrag er for oss like viktige.

Middagserveringa starta først med dei faste torsdagsgjestane, etterkvart kom andre inviterte til bords.

Erlend var som vanlig den som representerte Frivilligsentralen, og takka alle for året som snart har gått.

Margrethe og Morten sto for underholdning og sang.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ordføraren i god prat med nokre av gjestane

Ordføraren takker dei frivillige for jobben.

Petra, Erlend og Anne Jorunn nyt desserten og fellesskapet.

Per stilt opp for barneskuleelevar i haust også

Per Grønli og barneskuleelevar, frå Aure skule.

Nok ein haust har Per Grønli stilt opp for barneskuleelevar, denne gong frå Aure skule.
Dei har vore på Fønix kvar onsdag i nokre veke, og har no fått eit ferdig ( med rame) kunstverk med heim.
Kanskje er det ei julegåve som skal ligge under treet? Stor takk til Per for den tida han brukar her, og takk til kjekke lærarar og interesserte elevar!

Vi hjelper dere

Innsats for andre.

Eit nytt år er i gang og valfagsgruppa «Innsats for andre, 10-trinn» er klare for nye utfordringar.

Valfagsgruppa består av nokre flotte ungdommar som er utruleg engasjerte i å hjelpe dei som treng «ei hand» i kvardagen. Som tidlegare, tilbyr dei:

  • Snømåking
  • Plenklipping
  • Vasking
  • Innkjøp av ulike slag
  • Tur med hundar
  • Andre utfordringar i heimen

Vi vil oppfordre dei som treng hjelp å kontakte desse flotte ungdommane. Ikkje nøl og ring!

Vi har base på Fønix onsdagar kl. 13.30-15.00. Om du har noko du treng hjelp til eller lurer på, kontakt Marit Winsrygg ved Frivillighetssentralen.

Tlf. 907 33 379

PS: Valfagsgruppa tek gjerne i mot restegarn av typen babyull, eller sjølvstrikka klede til spedbarn.
Alt dette går til organisasjonen «Strikk for livet».

Les også: Har du restegarn?

Les også: Innsats for andre.