Tur til Langneset

Tur til Langneset

Tur til Langneset

Vår fine opplevelse med utflukt saman med pensjonistar på Grebstadheiane ga meirsmak.
Hausten har så langt vore nydelig og ein oktoberdag bestemte vi oss for ein ny tur i nærområdet, og i vårt eldorado av alternativ valgte vi denne gongen Langneset.

Utstyrt med kaffi og godt å bite i la vi i veg med minibussen som vi lånte av ungdomsskulen og Oskarbilen.
Eit fantastisk skue møtte oss når vi kom til enden av vegen, flotte haustfargar og eit speilblankt vatn ga ei nydelig ramme rundt stunda.

Vi hadde med Olga, som vaks opp i området som sætra til Langneset,
og som delte minne frå staden med oss andre.
Det fyrste ho bemerka var at der vi trudde vi var komt (der vi sat og rasta) ikkje var på Langneset men Osen,
og at sjølve neset var lenger inne i dalen. Så lærte vi noko nytt!
Vidare fortalde Olga om korleis både folk og hest måtte vasse innover til slåttemarka og mjølkeplassen Langneset. Ho ga oss innblikk i ei tid der unge som gamle måtte delta for at arbeide skulle verte gjort,
og alt vart så levande for oss der vi sat.

Stor takk til dei som var med å gjorde turen muleg også denne gangen: Per og Kjell Jarle, Mia, Evy og Lilian.
Grunneigarane som ga oss muligheit til å køyre heilt fram, og også takk til alle deltakarane som delte sitt gode humør og sin forteljarkunst med oss.

 

Se også: Flott tur til Grebstadheiane

Bookmark the permalink.

Comments are closed.