Om Fønixhuset
Fønixhuset er eit hus der alle menneske kan treffast og vere saman om ulike aktiviteter, uavhengig av alder eller nasjonalitet.
-
Nyaste innlegg
Ferie sommaren 2023
29. juni 2023Endeleg opnar vi igjen
20. oktober 2021Utstyrssentralen gjenopna
15. juni 2020STENGT
12. mars 2020Vår digitale kvardag
7. februar 2020
Aktivitetshuset
Fønixhuset håper å kunne tilby aktiviteter på tvers av alle interesser og aldersgrupper, som er åpne for alle. Du treng ikkje medlemskap i nokon organisasjon for å delta i aktivitetane. Med i alle aktivitetane håper vi å ha deltakelse fra både fagfolk med kompetanse og andre nybegynnarar med ønske om å lære seg noko nytt. Med Fønixhuset håper vi på eit mylder av liv og røre frå tidleg føremiddag til langt utpå kvelden.
Kontakt oss
Kontakt Frivilligsentralen idag Telefonnummer: 90733379
Forfatter: Stig Ålgårdstad
Endeleg opnar vi igjen
Torsdag 21. oktober kan vi endeleg opne døra for besøkande. Etter eit og eit halvt år med stengd dør grunna koronapandemien er det no gledeleg at vi får opne opp att. Vi startar opp litt etter litt, og prøver i fyrste omgang å ha ope torsdagane. Det vert ope frå klokka 9.00 til 15.00.
Du er velkomen innom for ein prat, vi byr på kaffi og noko å bite i.

Vi opar igjen etter koronastenginga. Foto: Fønixhuset.
Utstyrssentralen gjenopna
Koronautbrotet gjorde at vi måtte stenge Ustyrssentralen i mars. No når myndigheitene har tillatt fleire aktivitetar å starte opp att, er det gledeleg at vi no kan opne sentralen igjen. Utstyrssentralen vil vere open nokre dagar i veka, også i fellesferien.