Fast gjest

Jorunn har funnet plassen sin.

God morgen, Jorunn! Slik starta vi samtalen ein torsdag i september, tradisjonen tru kom Jorunn tidleg på Fønix for å treffe sine torsdagsvener og ete middag.

Eg har vore ute å reist fortel ho, og eg kom med nattbussen frå Oslo i natt.

Kjem du hit likevel så tidleg spurde vi, og dama svara at ein torsdag på Fønix kan ho ikkje gå glipp av! « Eg tok drosje heim og kasta bagen min i gangen mens drosja sto og venta. Eg fekk ikkje sove på bussen, men det gjer ingen ting. Så køyrde drosja meg hit»

Denne kvardagshistoria fortjener virkeleg spalteplass, og minne oss på kor viktige vi er for kvarandre.

«Vi får alltid god middag på Fønix» seier Jorunn til slutt

Bookmark the permalink.

Comments are closed.