Førjulstreff for frivillige 3.desember 2015

Lapskausen smaka godt i godt lag

Lapskausen smaka godt i godt lag

Tradisjonen tru, klarte vi også i år å halde ope hus med middag og desserter på Fønix.
Vi ønska på denne måten å heidre alle frivillige som gjennom året, og på ulikt vis, stille på til beste for andre menneske i bygda vår.
Heldigvis var det mange som fann vegen til Fønix denne dagen.
Erlend (også tradisjonen tru) var ein av vertskapet, og han ønska velkomen. Han sette også sitt preg på stunda med gode ord for dagen og adventstida.

Erlend hadde mange oppgåve, her ledar han songen.

Erlend hadde mange oppgåve, her ledar han songen.

Arnhild passa på gryta

Arnhild passa på gryta

I år kunne vi servere lapskaus ( ca.130 porsjonar) laga av vår faste torsdagskokk, Kjellaug. Ho hadde eit fantastisk mannskap saman med seg på kjøkkenet. STOR TAKK til alle som la til rette for, og som deltok på feiringa (skrekken var om vi løyvde mat, men det har enda ikkje skjedd).

Takk også til ordførar Odd Jostein for sine ord om engasjement og verdien av frivillig innsats.

Ordføraren takka de frivillige.

Ordføraren takka de frivillige.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.