GODT NYTTÅR

Januar 2016 starta med besøk frå Høgskulen i Volda.
Ida Mari kom for å vere ei veke i observasjonspraksis hos oss.
Dette er vi glade for, ikkje minst fordi ho er ei fantastisk hjelpsam jente.
Den siste dagen hennar her, spurde vi Ida Mari om korleis ho har opplevd kvardagen i Fønix,
og snakka litt om hennar tankar rundt frivilligheit.

Ida mari

Ida mari

Eg valde å ha observasjonspraksisen min her hjå Fønixhuset sida eg var veldig interessert i å få lære meir om Frivilligsentralen og kva dei driv med i bygda vår. Eg visste ikkje så mykje frå før, og kan ærlig talt seie at eg no har fått et godt innblikk i kor omfattande denne organisasjonen er.

Eg ser at det er veldig mange frivillege som stiller opp, og mange organisasjonar og bedrifter som sponsar og hjelper til når det er ynskjeleg. Seinast i går når dagleg leiar fant ut at dei trengde nokre nye dukar, var det ei lokal bedrift som sponsa dukar til alle borda, i tillegg til at ho fekk med seg ei kasse med ljos som butikken hadde samla opp. Eg lurde då på om dette var vanleg, at næringslivet i bygda vår gjorde slikt, og då fekk eg til svar at ja, både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar her i bygda er veldig rause med både å donere tida si, ting vi treng og pengegåver. Utan denne støtta og den gode hjelpa frå bygda vår, hadde ikkje Fønix hatt den gode kvaliteten det har i dag. Det er veldig tydeleg at bygda står bak Frivilligsentralen.

Noko av det flottaste eg har sett medan eg har vore her er den gode atmosfæra på huset. Dei som kjem på besøk kosar seg og pratar, og det ser rett og slett ut som ein stor og fornøgd familie. Det vises at det alltid er god omsorg i ei varm vafle, noko dei som regel alltid har liggande klar. Fønixhuset gir meg ein trygg og god følelse, og det er tydeleg at dei andre også har det slik.

Etter mitt besøk på Fønixhuset, har eg verkeleg fått sett kor viktig det er med alle dei frivillege som står på dag ut og dag inn. Frivilligsentralen har folk som hjelper til med skyss, følgjeteneste, kurs, snikring for barnehagane og håndtverk for skulane, vaffelsteiking, middagslaging og så vidare. Eg har fått eit godt innblikk i kva som inngår i ein slik organisasjon, og dette sett eg stor pris på både som privatperson og som student. For meg som er sosionomstudent er dette veldig relevant å få et innblikk i, kanskje det til og med ender opp med å påverke kva yrkesveg eg tek.

Heilt til sist vil eg takke for at dykk har tatt så godt i mot meg denne veka, det sett eg veldig stor pris på. Godt nyttår til alle frivillige! Vi sjåast nok igjen!

– Ida Mari

Bookmark the permalink.

Comments are closed.