Haustaktivitetar 2016

Inger Anne Midtgård

Inger Anne Midtgård

Sommeren 2016 hadde Inger Anne Midtgård sin debututstilling på Fønix. Ho stilte ut oljemaleri,og ho var godt fornøgd med responsen.

Vi har starta opp igjen med torsdagsmiddagane og vil minne våre pensjonistar på det. Vi har fortsatt dei same frivillige til aktiviteten med Kjellaug eller Odd som kokkar.

Tirsdag 20.9. kjem barnehagebesøka i gang igjen

Onsdag 14.9. hadde vi eit planleggingsmøte med elevar frå ungdomskulen,
dei vil starte opp igjen med « Innsats for andre».

Sørstranda skule med 4.klassingane vil få formingsaktivitetar (maling) på Fønix denne hausten.
Det vert også på ein del onsdagar.

Angåande malekurs for barneskulane er det berre å ta kontakt dersom det er noko for din skule.
Vi har fullt i haust, og det er greit å melde sin interesse i god tid.

Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.

 

Air-hockey blir løftet opp på lastebilen.

Air-hockey blir løftet opp på lastebilen.

Etter ferien fekk vi ein god beskjed frå Inger ved «Open Storhall». Ho hadde eit biljardbord og air -hockey til overs,  og tenkte vi skulle få ta over desse.
Det var for oss ei grei gåve ,og vi mobiliserte både kranbil og mannskap for å få flytta spela.

Då må oss berre håpe at bygda vil bruke gåva vi har fått slepa inn i kjellaren på Fønix.

Biljardborde blir slept inn i kjelleren.

Biljardborde blir slept inn i kjelleren.

Kranbil

Kranbil

Takk til Cato som hjelpte til med transport og kran

Takk til Cato som hjelpte til med transport og kran

Kranbil

Kranbil

Bookmark the permalink.

Comments are closed.