Fønix – kjellaren

Støping i kjellerenSidan den nye leige-avtalen med huseigar på Fønix vart underteikna hausten 2013 har planen vore å pusse opp 150m2 i kjellaren.
Desse lokala vil gi Fønix-huset større muligheit til fleire aktiviteter samtidig.
Ikkje minst ser vi fram til å innreie eit godt og teneleg rom for dataklubben der alle med slike interesser får gode tilhøve.
Dessutan skal kjellaren gi plass til ulike praktiske kurs .

Lokal byggeleiar Torgeir Vikstad vart sett på saka, og mange frivillige stod klare til innsats.
Arbeidet med å rydde lokala gjekk raskt – og så kunne planen over ombygginga presenterast.
Arbeidet viste seg å verte meir omfattande enn ein trudde i utgangspunktet.
Det største og viktigaste arbeidet var golvet.
gulv støping

Fredag den 24 april fekk Fønix-kjellaren nytt betonggolv med innlagd varmekabel og no står alt klart til vidare isolering i tak og vegger.
Håper bygdafolket ser behovet for kjellarlokalet og stiller mannsterke opp og gir ei hjelpande hand slik at Fønix-huset står fram som eit innbydande tilbod for alle som treng ein stad å vere i Sykkylven.

Opshaug Sandtak

 

Bookmark the permalink.

Comments are closed.