Aktivitetsdag med simulatorskyting, fellefangst og predatorjakt!

Sykkylven JFF arrangerer ein aktivitetsdag om fellefangst og predatorjakt laurdag 17. april. KL.14.00 12:00 på Fønixhuset Det blir film om lokkjakt på rev og innføring i fellefangst med demonstrasjon av ulike typar feller, og framsyning av skinn.Dessutan vert det muleg å prøve seg på simulatorskyting med både rifle og hagle! Erfarne skyttarar vil syte for kyndig rettleiing. SykkylvenJFF held kurs i jegerprøve kvart år, og emna på aktivitetsdagen passar godt for jegerprøvekandidatar!

Fangst av/ jakt på predatorar som rev, mår,røyskatt, kråke og ramn er viktige tiltak for å freiste å oppretthalde ein god bestand av småvilt. I tillegg er det ei jaktform som er billeg og lett tilgjengeleg. Difor vil vi denne dagen ha fokus på dette feltet! Viss noko av dette har interesse, så kvifor ikkje ta deg ein tur innom? Du er i alle fall velkomen! – Det blir enkelt kiosksal,men det kostar ikkje noko å vere med på aktivitetsdagen.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.