Anny og Odd

Fra venstre Anny og Odd

Fra venstre Anny og Odd

Anny (kjøkkenpike)og Odd (kokk) eit radarpar på Fønix. Dei har saman servert mange gode måltid på huset.
Torsdagsmiddager og festmiddager, alt med like stor entusiasme og glede – det kjennast på smaken!

Anny har vore aktiv i frivilligsentralen gjennom 17 år,
først som ein ressurs på dagsenteret ved Bua`s og seinare på Fønix.
Ho seiar at det som driv henne er gleda over å hjelpe andre, som kanskje ikkje er like heldige som ho sjølv.
Ho har hatt ei god helse seier ho.

Anny set også stor pris på å vere i eit sosialt felleskap,
ho likar å prate med folk og kombinerar det gjerne med sin store interesse: handarbeid.
På Fønix kan ho innimellom vaflesteiking og kaffikoking sette seg ned med strikkearbeid og fortelje frå spanande turar til fjerne himmelstrøk ho stadig legg ut på.

Odd kom egentlig innom Fønix for å tilby seg som sjåfør på Oskarbilen.
Gjennom praten kom det fram at han er utdanna stuert,
og sidan vi trengte ein ny kokk tok han den oppgåva på strak arm.
Etter innsats i fleire år måtte Odd ta eit opphald i kjøkkentjenesta, heldigvis har han fortsatt saman med oss,
no som Oskarsjåfør ved behov.

Fra Venstre: Odd og Anny

Fra Venstre: Odd og Anny

Bookmark the permalink.

Comments are closed.