Innsats for andre

Innsats for andre

Innsats for andre

Ei gruppe skuleelevar frå Ungdomsskulen har hatt Fønix som base i eit valfag på skulen «Innsats for andre».
Kvar onsdag har dei i nokre veke brukt to timar til dette tiltaket.

Julie og Lise har vore her på Fønix og vore til nytte ved formingsaktivitetar for barneskuleklasse.
Nokre har gått til BUAS og gitt av tida si der, medan ei av jentene har vore på Tryggheim barnehage.
Frivilligsentralen ser det som særs viktig at unge får eit lite innblikk i kva frivilligheit er og forståelse av kor viktig det er for samfunnet.
Jentene konkluderte med at aktivitetane dei var med å utføre, for eksempel å spele «ludo» med pensjonistar eller i uteleik med små barn, synar at ulike generasjonar har det kjekt saman.

FRÅ DATAKLUBB TIL LOKALFOREINING – SENIORNETT SYKKYLVEN

Kurskveld for vidarekomne og fullt hus.

Kurskveld for vidarekomne og fullt hus.

«Dataklubben» vart starta 24. oktober 2012 som ein lokal klubb av Seniornett Norge på initiativ av frivillige ved Sykkylven Frivilligsentral og Seniornett Noreg. Hovud formålet med klubben er å hjelpe seniorar til å bli digitale borgarar. Ved å arrangere kurs i bruk av pc, nettbrett og smarttelefon får seniorar lære å meistre den digitale kvardagen. Over 60 seniorar har deltatt og fått opplæring sidan starten. Klubben sine aktivitetar har vore forankra og drifta av frivillige med administrativ hjelp frå kontaktpersonar ved frivilligsentralen. Oppslutninga om dataklubben er overveldande, og det visar at det er eit klart behov for slike tiltak. Dei fyrste åra var det Eldar Høidal som var primus motor for klubben. Erfaringar frå dei fyrste åra beskriv han i ein artikkel på Seniornett sine nettsider 25. november 2013 http://seniornett.no/Seniornett/Redaksjonsarkiv/Leder/Sykkylven
Les meir

Stig

Stig har i mange år vore, og er framleis, ein god ressurs for Frivilligsentralen.
Han seier om seg sjølv «poteta Stig», og då forstår vi at vi snakkar om ein allsidig, ung mann.

Stig kjente til Frivilligsentralen før vi starta opp Fønix i 2007,
og var blant dei første som fant seg oppgåver i det nye aktivitetshuset.
Han seiar at frivillige innsats vart ein erstatning for eit ordinert yrkesliv, da han dessverre vart ufør i ung alder.
For Frivilligsentralen blei han fort uerstatteleg i mange samanhengar.

Siste tida har han engasjert seg stort i brukarorganisasjonane, og representerer innbyggarane i kommuna som brukarrepresentant i kommunal samanheng.

På Fønix er han saman med fleire andre ansvarleg for datakurs og klubb for seniorar.

Han er eigentlig lett å spørje om same kva det er, og tek gjerne grep når det er bruk for det.

I eit intervju i lokalavisa frå 2007 uttala Stig at «Fønix er min andre heim», dette seiar han står ved lag også i dag.

Eit kjent syn på Fønixhuset. Stig tek gjerne fram støvsugaren når det trengs.

Eit kjent syn på Fønixhuset. Stig tek gjerne fram støvsugaren når det trengs.