Dagens aktivitetar

Ole og Tobias planter blomster i krukkene ute.

Ole og Tobias planter blomster i krukkene ute.

Ole og Tobias vasker vindu.

Ole og Tobias vasker vindu.

I dag sendte vi 2 elevar heim til ei eldre dame som vi hadde hatt kontakt med. Ho ynskte selskap og hjelp til eindel småting. I tillegg var 2 elevar på tur med ein hund. Forskjellige aktivitetar vart i dag utført på Fønix. Nokre planta blomar i potter utanfor Fønix. Etterpå vaska dei vindauge. Reine og fine, vart dei.

Lise Andrea, Sandra, Celine, Frida Sofie, Julie, Tonje og Anna striker til strik for livet.

Lise Andrea, Sandra, Celine, Frida Sofie, Julie, Tonje og Anna striker til strik for livet.

Andre strikka. I dag trong vi ikkje å bake, for det var ei dame hadde vore så hyggjeleg og baka til oss. Eit par elevar gjekk rundt på Aure og samla inn gevinstar til tombolaen, som er under planlegging.

Anna tar i mot gaven fra Anny.

Anna tar i mot gaven fra Anny.

Anny Bjørke kom innom i dag med ferdig strikk og pengar som ho ville donere til porto. Dette er eit kjekt valgfag, der vi lærer å hjelpe andre.
Vi takkar igjen bygdefolket for god hjelp og støtte, både økonomisk, med ferdig strikk, garn, gevinstar til loddsalg og mykje meir. Ta gjerne turen innom Fønix du òg. Vi takkar aldri nei til litt hjelp.

Skrevet av Frida og Celine

Se også: God innsats fra ungdom og andre folk i bygda.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.