Fotokurs

Nattutsikt frå Tynes

Nattutsikt frå Tynes

Rett etter påske vil det bli sett i gang eit grunnleggande fotokurs ved Fønix. Kurset vil bli over tre samlingar, det er Hallvard Sandvik som held kurset. Han er medlem i Stranda Fotoklubb og har ansvar for kurs og anna der. Fotoklubben er ein stad for alle med interesse for foto – det er fleire sykkylvingar som er medlemmar. Kurset som no blir ved Fønix er eit tilbod til dei som har KAMERA og som gjerne vil lære litt meir om bruken av dette.
Erfaringa er ofte slik at folk kjøper eller får eit kamera, og nokre har ein tanke om at «no skal eg begynne å ta betre bilder». Tanken er god den, eit godt kamera er eit første steg mot «litt betre bilder».
Med kurset vil vi gjerne ta deltararane eit steg vidare, og slik bidra til at deltakarane vert sett betre i stand til å bruke kamerat på sin veg mot «det gode bildet»

Hallvard sa ja med en gang, til å holde fotokurs i april.

Hallvard sa ja med en gang, til å holde fotokurs i april.

Innhaldet i kurset vil vere innanfor tre tema:
– grunnleggande bruk av kamera og innstillingar
– komposisjon, kva bør du sjå etter før du trykker på knappen?
– øving, fotografering med rådgivarar til stades
Kurset vert gjennomført ved Fønixhuset – og ute i nærleiken for fotografering..
Planlagde kursdagar er:
måndag 4. april kl. 18:00 – 20:30
måndag 11. april kl. 18:00 – 20:30
Siste dagen, med fotografering, vert ANTEN på laurdag 16. april kl 11:00 – 14:00 ELLER måndag 18. april kl.18:00 – 21:00 (dette avtaler vi måndagen før)
Du kan melde deg på til Marit, telefonnr 90733379 , maks antal i kurset er 10 – 12 personar, derfor gjeld ‘først til mølla’. Siste frist for påmelding 31 mars.
Alle deltakarar MÅ ha med KAMERA til ALLE tre samlingane (mobiltelefon gjeld ikkje som kamera) …og ta gjerne med papir og blyant…

Fjord og fjell

Fjord og fjell

Bookmark the permalink.

Comments are closed.