Markering av Seniorsurf-dagen 2016

Leiar i Slekt og Data Sykkylven Geir Olav Øien ga deltakarane ei innføring i å kome i gang med slektsforsking.

Leiar i Slekt og Data Sykkylven Geir Olav Øien ga deltakarane ei innføring i å kome i gang med slektsforsking.

Torsdag 22. september 2016 vart Seniorsurf-dagen 2016 markert i Sykkylven. I år var tema for dagen slektsforsking, og vi var tre arrangørar som samarbeida om arrangementet,Slekt og Data Sykkylven, Frivilligsentralen i Sykkylven og Seniornett Sykkylven.

Stig Ålgårdstad sekretær og kursansvarleg i Seniornett Sykkylven ynskja velkomen, og fortalde litt om aktivitetane Seniornett Sykkylven planlegg utover haust og vinter. Som vanleg er Frivilligsentralen i Sykkylven og Brukarorganisasjonane i Sykkylven (BOS) viktige samarbeidspartnara for å gi opplæring og hjelp i bruk av digitalteknologi til seniorar i kommunen vår. Det blir Seniorsurf for alle interesserte ein onsdag i kvar månad, kor alle kan få hjelp til det dei måtte ynskje. Vi fortsett også med Seniorsurf for vidarekomen, eit kurs der vi set fokus på opplæring i spesielle tema slik som Facebook, dokument og mapper, bildebehandling, e-post osv.

seniorsurf møteplan høsten 2016

seniorsurf møteplan høsten 2016

Etter at Seniornett Sykkylven hadde presentert sin aktivitetsplan blei det set fokus på årets tema slektsforsking. Geir Olav Øien leiar i Slekt og Data Sykkylven ga deltakarane ei innføring i å kome i gang med slektsforsking på data. Etter ei pause med kaffi og kake fekk deltakarane prøve seg på å søkje i datakjelder på internett.

Er du interessert i slektsforsking så har Slekt og Data Sykkylven faste møte på Sykkylven ungdomsskule fyrste tysdag i månaden frå kl. 19.00.

Meir om slektsforsking finn du her:

Slekt-og-data-sykkylven

Facebooksiden til Slekt og Data Sykkylven

Ressurspakke SeniorSurf dagen

Bookmark the permalink.

Comments are closed.