
Det er ikkje farleg når vi bur i ei bygd med alle type handverkarar som stiller frivillig på dugnadsarbeid. Stor takk til Henning for alt han har ordna med for å få eit murgolv til å verte eit glansfullt dansegolv om du vil.. Resultatet vart kjempebra.
Etter jul har det skjedd mykje i kjellaren, vi er snart klare for opning – og gler oss veldig! Likevel ei lita oppdatering , sånn på tampen. . .
Vi ser no fram til å opne kjellardøra, eit formidabelt dugnadsarbeid er lagt ned så langt, og vore ein aktivitet i seg sjølv. Allereie før påske kjem vi til å flytte ned ein del av dei aktivitetane som til no har halde til oppe( skular, barnehagar m.m) . Den offisielle opninga kjem vi litt tilbake til – vi har også eit jubileum i mai!
Vi ber bygdafolket tenkje om det er aktivitetar dei ynskjer å starte opp med, og som kjellaren egnar seg til. Det er berre å ta kontakt.

Far og son med siste hand på listverket. No er det å klargjere golvet for priming. Torgeir er den stødige, uunvælige prosjektleiar og Tor Lennart har vore ei stødig hjelp nokre dagar no.