Vi hjelper dere

Innsats for andre.

Eit nytt år er i gang og valfagsgruppa «Innsats for andre, 10-trinn» er klare for nye utfordringar.

Valfagsgruppa består av nokre flotte ungdommar som er utruleg engasjerte i å hjelpe dei som treng «ei hand» i kvardagen. Som tidlegare, tilbyr dei:

  • Snømåking
  • Plenklipping
  • Vasking
  • Innkjøp av ulike slag
  • Tur med hundar
  • Andre utfordringar i heimen

Vi vil oppfordre dei som treng hjelp å kontakte desse flotte ungdommane. Ikkje nøl og ring!

Vi har base på Fønix onsdagar kl. 13.30-15.00. Om du har noko du treng hjelp til eller lurer på, kontakt Marit Winsrygg ved Frivillighetssentralen.

Tlf. 907 33 379

PS: Valfagsgruppa tek gjerne i mot restegarn av typen babyull, eller sjølvstrikka klede til spedbarn.
Alt dette går til organisasjonen «Strikk for livet».

Les også: Har du restegarn?

Les også: Innsats for andre.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.