Pensjonisttur til Riksheimdalen

Einar og Mia ved demninga

Einar og Mia ved demninga

Tre bilar la i veg frå Fønix torsdag 30.6 med kurs mot Riksheimdalen. Vi var litt bekymra for veret, men opplevde naturen i all sin prakt med 20 gr. og mykje sol. Einar var guide og kjentmann på denne turen, og han fortalde historier frå gamal tid. Vi let oss fasinere av soga der bjørnen kom ned skaret ved Riksheimsætra,seinare kalla Bjønnaskaret, og buskapen vart jaga gjennom gaddeskogen for å bergast.

Mot "Bjønnaskaret"

Mot «Bjønnaskaret»

Budeiene på stølen ropa og kauka for å halde bjørnen vekk, til kyrne var i sikkerheit.
Der vi hadde rasta – ved den nye kraftstasjonen – vart historia så levande for oss der vi hadde blikket mot fjellsida.

Vi hadde som vanleg med oss kaffe og vafler, boller og kaker.  Dette var sponsa av
Circle K , Coop Mega og Spar.
Det er utruleg kor godt maten smaker ute i naturen,
så snart var nesten alle fat tomme.
Stor takk til alle som var med og gjorde turen til ein minnerik dag.

Vi avsluttar med 90 år gamle Olga sine ord :    Dette har vore ein eventyrtur !!!

Les også: Tur til Langneset

I bakgrunnen Synnavindsnipa og Tungremstindane.

I bakgrunnen Synnavindsnipa og Tungremstindane.

Her får vi eit glimt av Audun fotografen også.

Her får vi eit glimt av Audun, fotografen også.

Odd køyrde Oskarbilen og Mia sin "lille grå" Kjekt å få sitje på!

Odd køyrde Oskarbilen og Mia sin «lille grå»
Kjekt å få sitje på!

Samling ved rastebordet

Samling ved rastebordet

 

 

 

 

Bookmark the permalink.

Comments are closed.