SKINNFELLKURS

Skapande hender

Skapande hender

SKINNFELLKURS
på Pensjonistsalen
fre 4. kl 17 – sun 6. mars kl 16 og ein laurdag til å trykke på fellen.

Pris: Medl kr 900,-/ikkje-medl kr 1 200,- + materialutg.
Påmelding og evt tinging av skinn seinast 12. februar
– tlf 957 00 918 eller sonja.hustad@online.no.

SCRAPBOOKALBUM
Cathrine frå Scrapomania kjem på medlemsmøtet 16. febr. kl 19 på Fønix
Pris: Medl kr 100,-/ikkje-medl kr 230,- medrekna materialutg.
Påmeld. til kurs/opplysn. 900 80 574 eller tovesj@netcom.no.

Sykkylven Skapande hender

Strikkekaféen

Strikkekaféen med Sykkylven Skapande hender.

Sykkylven Skapande hender har hatt sitt andre årsmøte med mange medlemmer til stades.
Gunhild Øigarden tok over som leiar etter Else Albertsen, som ynskte å ta ein pause.

I året som gjekk, var vi aktive; med medlemsmøte, strikkekafé, sy- og ullgrupper kvar månad og ei aktivitetshelg på Hevsdalsheimen i haust. Laget leigde stand på førjulsmessa i Storhallen, der dei av medlemmene våre som ville, var med og fekk by fram produkta sine. I tillegg hadde vi vår eiga vesle messe på Fønix, der inntekta av kaffi-/matsal gjekk til Fønix.

Se også: Suksessfull julemesse for Skapande hender

For dette året har vi også mykje av planane klare.

På medlemsmøta, tredje tysdagen i månaden, har vi oftast eit tema.
Denne våren har vi scrapbooking, kumihimo (bandfletting), tveband (strikketeknikk).
Dei som ikkje ynskjer å vere med på dette, er sjølvsagt velkomne til å ha med sitt eige arbeid eller berre verte inspirerte av andre sitt arbeid.

Strikkekaféen, som har vore godt besøkt, held også fram som før, open for alle fyrste onsdagen i kvar månad.

Sygruppa arbeider i år med ulike arbeid/tema. Av plassomsyn må vi avgrense deltakartalet.

Ull-/spinnegruppa har vi flytta til Fønix for å gi rom til fleire interesserte, gjerne med rokk.

Vi skal ha skinnfellkurs i mars, og kanskje også eit nuperellekurs seinare. Skinnfellkurset er fastsett til helga 4.-6. mars

Dei fleste aktivitetane våre er på Fønix. Vi er svært glade og takknemlege for å ha eit slikt lokale i kommunen.

Sykkylven Skapande hender

Kalenderbilede frå sy/quiltegruppe.

Kalenderbilede frå sy/quiltegruppe.

Skinnfell frå tidligare kurs. Plantefarga garn frå Hevsdalshelg

Skinnfell frå tidligare kurs. Plantefarga garn frå Hevsdalshelg

Bookmark the permalink.

Comments are closed.