Kvart år har vi dugnad ute rundt Fønixhuset før 17.mai. Vi fyller blomsterpottene med nydelige vårblomster og pynter litt.

Her planter Ellen nye blomster for å pynte opp rundt Fønixhuset. Ho er ein av dei mange som har møtt opp til dugnad i dag.
Vi brukar også å forbarme oss over den beplanta skråninga over gata. Geir har også i år samla dugnadsgjengen som kvart år i fem år har vore med og rydda i blomsterbeddet.
Sykkylven Kommune hadde ordna med traktor og hengar, samt vekkøyring av ugraset tilslutt.

Geir og dugnadsgjengen er for femte år med på å pynte opp ute rundt Fønixhuset. Ekstra motiverande er dei flotte plantane som er donert frå Per Gunnar, på Holmbergs Gartneri.
Huseigar Kjetil, som er ein av eigarane av huset, sørger for at fasaden er tipptopp til 17. mai.
Mange er med denne kvelden og vi har også, som bileta viser, tid til kos og hygge saman. Odd diska opp med heimelaga pizza til heile dugnadsgjengen.