Innsats for andre, 10 årsjubileum og dugnadsarbeid

Onsdag 10. mai inviterte elevane frå ungdomskulen, – valfaget «innsats for andre», bebuarar frå Buas til kaffikos på Fønix. Det såg ut til at alle syntest det var ei trivelig stund rundt bordet. Kari, Bente og Rune på kjøkkenet hadde laga klart vafler og sveler. Vi serverte også kake laga av Aud, og med god kaffi til vart det ei feststund.

Elevkullet frå 10. klasse er snart ferdige med skuleåret og dermed er tida ved Fønixhuset også over. Dei har vore her kvar onsdag, og alle som ein er unike og fantastiske ungdomar. Vi ynskje dei lykke til vidare!

Samtidig med 10 årsmarkeringane pågår det også dugnadsarbeid på huset. Den nye kjøkkenkroken nærmar seg ferdigstilling, bare nokre små ting står att. Ny ventilator med «skikkeleg futt i» monterast. Med godt avtrekk vert det eit betre innemiljø både for kokkane og gjestane våre. Litt vedlikehald av fasaden har det også blitt tida til medan vi venta på ny komfyr.

Torgeir monterer den nye ventilatoren.

Leif og Steinar diskutera vedlikehald av fasade.

Komfyren er her!

Kari, Even (varebilsjåfør) og Knut har fått den nye komfyren trygt i hus

Eletrikararne Are, Lars Steinar og Emil i full sving med å montere den nye komfyren.