Medan det er langope butikkar, julehandel og fult liv og røre i sentrum, har Skapande Hender julemesse på Fønixhuset. Det er ikkje fyrste gongen, dei har hatt det tidlegare år også, i forbindelse med helga då juletida vert formelt innvia i bygda vår.
Driftige er dei desse handverkarane som driv med husflid. Mykje godt handverk og mange timars arbeid har vorte nedlagt i dei mange produkta.

Treng du orden på strikkepinnane dine? Sonja Ø. Hustad lagar produkt i skinn (saueskinn), såkalla skinnfell. Bla. lagar ho mapper til strikkepinnar.

Tove S. Johnsen lagar produkt ved hjelp av kvilting (lappeteknikk), nydelege vesker (toalettmapper og sminkepunger.)
Teknikkane som vert brukt er mange. Kvilting (lappetekkning), skinnfell, strikking, hekling m.m. Mange sting, maskar og klipp i forskjellige materiale må til for å få til desse vakre produkta. Skapande Hender ber namnet sitt med rette.

Lise Marie Sætre strikkar og heklar vottar, raggar, julepynt m.m. verd å nemne er at ho også lagar bunadsstrømper.
Midt under førebuinga av opning av julemessa vart det oppdaga at vatnet ikkje var så bra i Kyrkjevegen i dag. Men frykt ikkje for at kaffi’n eller te’n er laga av dårleg vatn på huset. Reint vatn vart henta frå andre stadar i bygda.
Så Fønixhuset er ein fin plass å sjå etter julegåver eller for å ta ei liten pause. Julemessa er open så lenge der er besøkande fram mot midnatt i dag Fredag, og open i morgon Laurdag frå klokka 10 og utover.
Kanskje du treng å varma deg litt i kveldskulda, ta deg ein tur innom då vel.