Sosialt samvær

Sathya kjem frå Sri Lanka. For henne er Fønix veldig viktig for sosialt samvær, for språklære og vennskap. Periodevis har ho hjelpt til i kjøkkenet. Ho har ei veldig spesiell tilknyting til Fønix sidan ho har veldig mange gode minner her frå Fønix.
Odd Arne jobba også som Oskar-sjåfør. Han tar også turen innom Fønix for å være sosial. Vi var så heldige å få intervjuet nokre av dei som bruker Oskar bilen til vanlig. Dei var veldig fornøgd med Oskar bilen og føler seg veldig trygge på det. Det skaper stor glede for dei å kunne komme seg dit dei skal og det skaper ei trygghet fordi dei er kjent med dei sjåførane som køyrer Oskar-bilen. Dette er eit uvurderleg tilbod for dei som har behov for skyss, og dette er nokke dei vil ha meir av.

Fra venstre: Solrun, sathya, Odd arne og Elisabeth

Fra venstre: Solrun, sathya, Odd arne og Elisabeth

Elisabeth

Elisabeth

Elisabeth

Elisabeth falt ut frå arbeidslivet, og fant glede i å få hjelpe til her på Fønix. Ho bruker vanlegvis å ha ansvar for bevertning til ungdomane som kjem innom for å få leksehjelp av dei fire lærarane vi har til dette.
Ho gir uttrykk for at å få det er viktig å kjenne seg til nytte det gir verdigheit og meining seier ho.

Per Vemøy

Per er ofte innom Fønix til ein kopp kaffi og prat etter å ha køyrt Oskar-bilen og fått heimebuande til dagsenteret på Bua`s. Han har tidligare jobba som sjåfør og er no ein av 12 frivillige sjåførar på bilen. Han seiar at det er ei glede å kunne bidra i ei viktig oppgåve for dei eldste av oss. Vi sjåførar gjer meir enn berre å køyre til og frå fortel han etter oppfordring frå journalist, vi skal halde bilen rein og i bra stand og ofte må vi hjelpe dei vi skal hente med ulike ting. Eg gjer det med glede smilar Per når eg veit at det lettar kvardagen for folk som kanskje elles ville sitje heime åleine.

Per Vemøy

Per Vemøy