Svein og Leif

Fra venstre: Svein og Leif

Fra venstre: Svein og Leif

Svein og Leif har begge arbeid med trearbeid i lang tid. Deira kunnskap som hanverkarar er det no førskulebarna i bygda som nyte godt av, arbeider i sløyden ved Fønix. Verkstaden i kjellaren på Fønix er der dei førebur leikar av tre som borna kjem for å sette siste preg på før dei tek med heim eit ferdig produkt. Svein og Leif seier begge at det er god nok løn for dei å sjå stolte og glade barn etter ei stund på Fønix. Dei ser også verdien av at fleire generasjonar kan vere saman i eit samfunn der mange for eksempel ikkje har nær familie rundt seg.

Leiker av tre

Leiker av tre

Svein, Leif og Førskulegutane frå Blakstad barnehage, Lucas, Iver Andrè og Wiktor

Svein, Leif og Førskulegutane frå Blakstad barnehage, Lucas, Iver Andrè og Wiktor

Inger

Inger vatner blomstene på Fønix

Inger vatner blomstene på Fønix

Mange har ulike oppgåver gjennom Frivilligsentralen. Oppgåver i Aktivitetshuset Fønix er ikkje noko unnatak, og sjølv om mange tek seg av aktivitetane er det viktig at sjølve huset fungerar. Inger er ei av dei som syte for det gjennom blomstervatning, og stell av alle plantane som er med på å gi huset atmosfære. Kvar veke brukar ho tid på aktiviteten « sin» samtidig som ho får vere sosial i eit felleskap.

Nilo

Ein ny frivillig medarbeidar heiter Nilo, og ho skal vere her ein periode denne våren. Grunnen til dette er for det første, at ho vil hjelpe til, vere sosial og bli kjent med nye folk, spesielt eldre. For det andre skal hun søke universitet i utlandet og et av krava for å bli opptatt, var å jobbe med frivillig arbeid. Nilo seiar at Fønix er ein spanande møteplass, og at ho får mykje igjen for å delta.