Vårdugnad

Kvart år har vi dugnad ute rundt Fønixhuset før 17.mai. Vi fyller blomsterpottene med nydelige vårblomster og pynter litt.

 

Her planter Ellen nye blomster for å pynte opp rundt Fønixhuset. Ho er ein av dei mange som har møtt opp til dugnad i dag.

Her planter Ellen nye blomster for å pynte opp rundt Fønixhuset. Ho er ein av dei mange som har møtt opp til dugnad i dag.

Vi brukar også å forbarme oss over den beplanta skråninga over gata. Geir har også i år samla dugnadsgjengen som kvart år i fem år har vore med og rydda i blomsterbeddet.

Her er Sølvi, Rune og Geir i full gang med plantig av fire rhododendron, som Per Gunnar, fra Holmberg Gartneri, har donert.

Her er Sølvi, Rune og Geir i full gang med plantig av fire rhododendron.

Sykkylven Kommune hadde ordna med traktor og hengar, samt vekkøyring av ugraset tilslutt.

Geir og dugnadsgjengen er for femte år med på å pynte opp ute rundt Fønixhuset.

Geir og dugnadsgjengen er for femte år med på å pynte opp ute rundt Fønixhuset. Ekstra motiverande er dei flotte plantane som er donert frå Per Gunnar, på Holmbergs Gartneri.

Huseigar Kjetil, som er ein av eigarane av huset, sørger for at fasaden er tipptopp til 17. mai.

Huseiger Kjetil er i full gang med oppussing av Fønixhuset til 17. mai.

Huseiger Kjetil er i full gang med oppussing av Fønixhuset til 17. mai.

Mange er med denne kvelden og vi har også, som bileta viser, tid til kos og hygge saman.  Odd diska opp med heimelaga pizza til heile dugnadsgjengen.

Odd har disket opp med pizza til dugnadsgjengen. Odd lager også middag kvar torsdag til eldre som vil møtas for å ete middag.

Odd har disket opp med pizza til dugnadsgjengen. Odd lager også middag kvar torsdag til eldre som vil møtas for å ete middag.

Dugnadsgjengen koser seg med velfortjent hjemmelaget pizza etter dugnaden.

Dugnadsgjengen koser seg med velfortjent heimelaga pizza etter dugnaden.

Støttegruppe for vaksne med overvekt

Kvar mandag kl. 18.00 møtast ei gruppe menneske med overvekt, til samtale og støtte på Fønixhuset. Målet er eit felles ønske om vektreduksjon.

Den 13. april fekk vi besøk av klinisk ernæringsfysiolog Kirsti Kverndokk Bjerkan som er tilsett ved Ålesund sjukehus. Temaet for kvelden var sunn kost i kvardagen; «Små grep, stor forskjell».

Mandag 20. april og fem mandager videre er vi heldige å få besøk av Gry Bakke frå Sykkylven, til å halde kurset «Bra mat», eit konsept utarbeidd av helsedirektoratet. Gry har solid utdanning, og god erfaring frå arbeid med overvektige.

Gry Bakke er utdanna Klinisk Ernæringsfysiolog, har bachelor i Fysisk Aktivitet og Helse frå Norges Idrettshøgskule. Gry har erfaring frå arbeid med overvektige, og har holdt fleire "Bra Mat" kostholdskurs.

Gry Bakke er utdanna Klinisk Ernæringsfysiolog, har bachelor i Fysisk Aktivitet og Helse frå Norges Idrettshøgskule. Gry har erfaring frå arbeid med overvektige, og har holdt fleire «Bra Mat» kostholdskurs.

Dette er eit felles prosjekt mellom folkehelsekoordinator i Sykkylven, og Frivilligsentralen. Påmeldinga for denne gang er over, men eit nytt tilbud kan kome seinare, dersom det viser seg at det er behov for dette.